Dykkarar har til alle tider tatt store sjansar for å tene utbygginga av landet vårt. Historikar Eivind Indresøvde ved Høgskulen i Volda har skrive historie om dykkarane frå vårt området gjennom 100 år. Han fortel om hjelmdykkerane som undersøkte botnen for bygging av hamner, sprenging av undervasskjer og berging av båtar. Oldefaren til historikaren var dykkarpioneren Lars Tunheim som levde kring århundreskiftet. Og dette vart utgangspunktet for forsking på historia til dykkarane dei siste 100 åra. Mennene i dei gammaldagse dykkarhjelmane forsvann i djupet for å finne ut korleis hamner kunne byggjast, lage grunnlag for bygging av murar til sjøbuder og berge båtar som var gått ned. Under krigen gjorde dei eit viktig arbeid for motstanden mot Tyskland, og i etterkrigstida var dei heilt naudsynte for å utvikle oljeindustrien vår. Eivind Indresøvde har publisert to artiklar om desse lokale pionerane i historiske tidsskrift. Komande søndag kjem han til Runde Miljøsenter for å fortelje denne spennande og ofte dramatiske historia om ein farleg arbeidsplass og farlege undersjøiske eventyr for fritidsdykkarane. Meny: Stekt seifilet med bacon, urte-tomatsaus, grønnsaker og kokte poteter Svinekoteletter med peppersaus, grønnsaker og stekte poteter Middag lages til av kokker frå Thon Hotel Fosnavåg
Open kafe med middag og kaker Foredrag                                
kl. 13:00 - 17:00 kl. 15:00 - 16:00
Billettar 70 kr