Medan vi er i ferd med å ta imot vinternaturen, så gjer Brita Blomquist seg klar til nye eventyr i andre land ilag med gammalt og nytt reisefølgje. Ho starta med å ta med lyttarane på tur då ho i 10 år dreiv radioprogrammet «God tur», og no er ho kanskje Noregs eldste reiseleiar. Men kva gjer vel det, så lenge det er gøy? spør Brita som søndag kjem til Runde Miljøsenter for å inspirere oss andre til nye opplevingar. Brita Blomquist er oppteken av miljøet og av at vi skal innrette oss etter andre lands skikkar når vi er ute og reiser. Då blir reiseoplevinga betre både for oss og dei vi besøkjer, seier ho etter erfaringar ho har etter om lag 20 år som reiseoperatør. Ho starta med å ta med lyttarane sine då ho hadde «God tur» programma i NRK og heldt fram då ho slutta der for 10 år sidan. Ho har i snitt 10 turar med grupper til Europa kvart år. Mange reiser ilag med Brita oppatt og oppatt. På søndag vil ho dele gleden ved å reise, forventningar, nyfikne, respekt, språk og oplevingar. Ho fortel også frå tida si som programleiar i det populære radioprogrammet. BritaBlomquist har besøkt alle kontinent så nær som Australia. Og i Noreg har ho vore innom alle kommunar, så nær som Røst og Træna. Så her slår eg kongepartet, smiler ho og tenkjer at også desse kommunane må med før ho gir seg.
Open kafe med middag og kaker Foredrag                                
kl. 13:00 - 17:00 kl. 15:00 - 16:00
Billettar 70 kr