Fiskarane på Møre fann seg ikkje til rette i «sosseklubben» som organiserte fiskarane frå Bergen. Dermed skipa dei sitt eige fiskarlag for akkurat hundre år sidan som tok fatt i fiskarane sine jordnære utfordringar. For eksempel kunne mange av fiskarane ikkje symje. Og ved forlis hadde desse små sjansar til å overleve. Knut Arne Høyvik har skrive fiskarlaget si historie. Førstkomande søndag fortel han om symjekurs, salsframstøyt i Gudbrandsdalen og fiskarane sin situasjon med landet vårt i krig. Svært mange fiskarar hadde ikkje lært seg å symje . Og med forlis som ein kalkulert risiko, såg både dei sjølve og dei som var att heime at det hadde auka overlevingssjansane om folk meistra symjekunsten. Men det fanst ikkje oppvarma basseng å trene i. Dermed arrangerte fiskarlaget symjekurs ,mellom anna på Flø. Sikkert ei kald oppleving, men mange tok del. Likeeins hadde fiskarane problem med avsetnaden på fisken som vart tatt i land. For å få ein større marknad, arrangerte dei difor i fleire år utover 1920-talet salsturne til Lillehammer og Dovre med opplæring av husmødre til å bruke fisk som råstoff i hushaldninga. Fiskarlaget vart starta midt i første verdskrig med mangel på olje og det meste anna for dei som skulle drive båt. Dette vart også utfordringar som fiskarane brukte det nyskipa fiskarlaget, Søndmøre og Romsdals Fiskeeriselskap, for å løyse slik at fiskebåtane kom seg på havet for å skaffe mat. Det er også mange dramatiske historier om våghalsar som drog i ganske små båtar til Grønland og New Foundland på fiske. Men også i livsfarlege situasjonar var humoren med som ein viktig overlevingstaktikk. Knut Arne Høyvik er ein god skribent – og ein like god forteljar. Gjennom arbeidet med boka: « God bør i 100 år» har han fått vår lokale fiskarsoge under huda. Det blir heilt sikkert ei både interessant og artig oppleving å høyre han på Runde Miljøsenter førstkomande søndag.
Open kafe med middag og kaker Foredrag med signering og sal av bøker
kl. 13:00 - 17:00 kl. 15:00 - 16:00
Billettar 70 kr