Maria Parr opnar sesongen på Runde.

Det er duka for ei flott familieoppleving på Runde Miljøsenter komande søndag. Maria Parr les kjende eventyr frå den siste boka si, ei eventyrsamling med nokre av dei kjæraste eventyra våre på ein nynorsk som ligg godt i munnen for oss på Søre Sunnmøre. Maria Parr har omsett og modernisert språket på kjende eventyr frå både Asbjørnsen og Moe, H.C Andersen og Grimm-brørne for å gjere dei meir tilgjengelege for nye generasjonar. Ho har lagt vekt på å leggje språket så tett opp til talemålet som mogeleg for at det skal vere lett å lese høgt til borna. Maria Parr er knytt til Runde gjennom filmatiseringa av boka hennar «Vaffelhjarte» der Runde er scene for dei fantasifulle borna, Lena og Trille. Ho har vore attende til Runde fleire gongar for å lese frå både «Vaffelhjarte» og «Tonje Glimmerdal» som no er omsett til ei rekkje språk og ,i tillegg til TV-serie, har vorte teater både i Oslo og Bergen. Også Sogn og Fjordane Teater har sett opp bøkene hennar. Og heimkommunen til Maria Parr, Vanylven, fekk ei spesialoppsetting i Olivinhallen. Maria Parr vil også fortelje om bakgrunnen for eventyrboka som kom i haust, og det vil vere mogeleg å ta med seg heim eit signert eksemplar. Dette er opninga på foredragsesongen ved Runde Miljøsenter i vår. Kvar søndag til og med april , vil det vere foredrag på ettermiddagen med open kafe med god middag og kaffi i kafeen. Kvar dag i påskeveka frå palmesøndag vil det vere skattejakt og påskeeggjakt for både små og store på skatteøya og fugleøya Runde. Meny: Bacalao med brød Kjøttkaker i brun saus.
Open kafe med middag og kaker Foredrag                                
kl. 13:00 - 17:00 kl. 15:00 - 16:00
Billettar 70 kr