Krykkja er nærast borte frå fuglefjellet på Runde viser teljingar gjennom sesongen. Denne vesle måkefuglen som dei siste tiåra har skapt den umiskjennelege lyden i fuglefjellet har ikkje greidd seg gjennom det store planktontapet i havet. Eg opplever nærast ein sorgreaksjon, seier Ornitolog Alv Ottar Folkestad som skal fortelje om utviklinga i fuglefjellet på Runde Miljøsenter 4. oktober. Folkestad har opplevd både den kraftige veksten i bestaden frå 70-talet og no nedgangen. Men det er lyspunkt også etter årets fuglesesong på fugleøya Runde. Det ser ut til at nedgangen i av lundefugl har stabilisert seg og havsulekolonien veks. Vi har hatt ein markert betre lundesesong i år enn åra før, seier Folkestad som likevel er uroa over eit nytt fenomen i lundereira. På slutten av perioden før lundeungane flaug ut av reiret, fann dei fleire døde fugleungar som var drepte og delvis spiste på av firbeinte små rovdyrinne i reira. Dette har vi ikkje sett før og vi veit ikkje sikkert kva dyr som har vore på ferde, seier Folkestad som vil fortelje om dette og den dramatisk krykkkjenedgangen komande søndag. Han meiner at det er situasjonen i havet der planktoninnhaldet er redusert med 80 % sidan 1970 i havområda våre som er årsak til samanbrotet i krykkjebestanden. Dei ser det same overalt i dette området. Krykkja er avhengig av åte eller småfisk i stim heilt oppe i havoverflata for å kunne sikre seg sjøl og ungane næring. Når dette sviktar er der ikkje grunnlag for reproduksjon. Dei fuglane som dykkar , som lunden og havsula, greier seg betre fordi dei kan fange fisk lenger nede i sjøen. Alv Ottar Folkestad meiner at nedgangen i fuglebestanden er eit kraftig synleg varsko til oss menneske som forureinar havet slik at det ikkje produserer mat. Tanken om at havrommet skal bli vår nye skattekiste er avhengig av at vi greier å stoppe den menneskeskapte forureininga, seier han.
Open kafe med middag og kaker Foredrag
kl. 13:00 - 17:00 kl. 15:00 - 16:00
Billettar 70 kr