John Osnes har vore distriktsveterinær på ytre Søre Sunnmøre i ein mannsalder. Han har vore innom dei fleste gardar, og ofte har han hatt med ei historie eller to heimatt. Desse har han gøymt på og foredla gjennom år, og det er mange som gler seg over både eit frodigt språk og gode observasjonar når John Osnes fortel. Komande søndag kombinerer Runde Miljøsenter historier med ballservering på ein søndag Vanlegvis er fuglar, hav og fisk som står i sentrum under Runde Miljøsenter sine søndagsforedrag. Men denne søndagen er det historier om dyr og eigarane deira i kystlandskapet vårt som står i fokus. John Osnes er ein kjend og skatta historieforteljar. Han veit å plukke opp, gøyme på gullkorn og ta dei med vidare. Og som regel greiar han å pusse litt ekstra på dei slik at dei skin endå meir enn då han fann dei. John Osnes meiner han hadde ein enklare jobb som historieinnsamlar og forteljar før dei verkelege originalane i bygdene våre forsvann. Men sanneleg greier han å få ei og anna god historie også ut av alminnelege, men taleføre gardbrukarane også. For å lage ei god ramme kring historiene til John Osnes inviterer Runde Miljøsenter denne søndagen på ball. Det er eit samarbeid med Herøy vidaregåande skule. Elevane får prøvd seg å store leveransar under kyndig rettleiing frå flinke lærarar – og vi andre får nyte godt av det dei lærer og serverer.
Open kafe med servering av ball og kaker Foredrag                                
kl. 13:00 - 17:00 kl. 15:00 - 16:00
Gratis inngang