Ingar Støyle Bringsvor kjem til Runde Miljøsenter komande søndag. Han er kjend som fugleovervakar og er ofte i media og riksdekkande TV og Runde miljøsener er veldig glade for å få fatt i han til eit av søndagsforedraga der han skal snakke om dei ulike sjøfuglane på Runde. Ingar er 27 år, og er busett  og kjem frå Saningar-og-masendsøya. Han nyttar mykje av tida si til fugleskoding  og feltarbeid. Eit av desse feltarbeida er sjøfuglovervaking på Runde, med prosjekt havørn med m eir. Utanfor sesong leitar han etter sjeldne fugleartar. Dette vil Nils Roar Hareide ved Runde Miljøsenter nytte høve til å intervjue Ingar om, og saman vil dei gå igjennom bilete og videomateriale som fortel korleis det står til med bestanden av fugl på Runde. -  Vi skal innom havsulene, lundefuglen og  den utruleg  sjeldne havsvala, berre for å nemne nokre av artane, seier Ingar. Det er registert over 200 fugleartar her på Runde, og kring 120 av dei artane hekkar på Runde. Ingar vil fortelje litt om året som har gått. Kva har dei ete, kvar fann dei maten, og overlevde avkoma deira?  

Meny

  • Dagens middag: Torsk med dagens dessert og kaffi kr. 239,- Beinlaus fugl med dagens dessert og kaffi kr. 199,-
  • Torsk med sursøt saus kr. 185,-
  • Beinlaus fugl i brun saus kr. 155,-
I kafeen serverer vi også smørbrød, kaker, kaffi/ te og nokre kioskvarer.

Opningstid 9. oktober


Open kafe med middag og kaker Foredrag                                
kl. 13:00 - 17:00 kl. 15:00 - 16:00
Billettar 75 kr