Ekspedisjon til Nordpolen

Skipssjef Geir Martin Leinebø frå Herøy og islos Andreas Kjøl frå Kystverket i Ålesund på Nordpolen den 21. august 2019

Ekspedisjon til Nordpolen

Onsdag 21. august 2019 klokka 09.32 nådde Kystvaktskipet «Svalbard» Nordpolen, som første norske fartøy nokon sinne.

To sentrale personar i gjennomføringa av ekspedisjonen var skipssjef Geir Martin Leinebø frå Herøy og islos Andreas Kjøl frå Kystverket i Ålesund. Desse to kjem til Runde Miljøsenter den 8. mars for å halde føredrag om ekspedisjonen.

Ekspedisjonen var organisert av Nansen Senter for Miljø- og Fjernmåling i Bergen og forskarar frå forskingsmiljø verda over tok del. Føremålet med toktet var å sette ut måleinstrument som skal samle inn miljødata om atmosfæren, havisen og havet under isen i Arktis. Ny kunnskap om dei underliggande prosessane som påverkar smeltinga av havisen, kan gi betre prognoser om klimaet.

Leinebø og Kjøl er begge utdanna navigatørar med mange års erfaring frå polare strøk. Dei vil vise bilde og fortelje om gjennomføringa av ekspedisjonen og om korleis dei greidde å ta seg fram til polen og om dei ulike forskingsaktivitetane som vart gjennomført.

Stad: Runde Miljøsenter
Dato: 08. mars
Ope: 13:00 - 18:00
Foredrag: 15:00 - 16:00
Pris foredrag: 75 kr
Barn 0-16 år gratis

Det blir ope kafé og utstilling. Vi serverar to middagsrettar og eit utval av kaker.

Kontaktopplysingar

E-post: booking@rundecentre.no
Telefon: 7008 0800

Rundavegen 237
6096 Runde