Runde Miljøsenter har dei siste åra hatt ansvar for å operere undervass-glidarfly i havet. Komande søndag har Runde Miljøsenter den glede å presentere ein av sine medarbeidarar, fysikar Karsten Kvalsund. Han vil fortelje meir om sitt arbeid med glidarar. Glidarar er eit ubemanna undervass-glidefly. Dei kan gli gjennom havet og samle informasjon om tilstanden i sjøen i opptil 10 månader i slengen, og utan for mykje oppfølging frå land. Slik kan dei vere eit billeg alternativ til forskingsskip, i alle fall for nokre typar undersøkingar. Internasjonalt miljø på Runde På Runde Miljøsenter har dei eit internasjonalt  miljø (NACO-prosjektet) for å føre glidarar. NACO-prosjektet (Norwegian Atlantic Current Observatories) hadde i utgangspunktet som mål å bruke glidarar til å overvake Golfstraumen og vasstransporten langs Norskekysten. Kan måle mykje med undervassfarty Glidarar kan utstyrast med mange ulike sensorar og måleinstrument. Hittil har over 50 ulike typar sensorar verte tilpassa glidarbruk. Dei innsamla dataa kan nyttast til myke forskjellig, mellom anna: Kartlegging av straum, Oversikt over temperatur og salthaldigheit i vatnet. Nyttig både for vêrmelding, klima- og fiskeriforsking, eller måle radioaktivitet, og slik avsløre og spore utslepp. Kom innom Runde Miljøsenter komande søndag og høyr meir om arbeidet med desse glidarane og kva dei kan gjere.  

Meny

  • Dagens middag: Fiskesuppe med dagens dessert og kaffi kr. 199,- Lasagne med dagens dessert og kaffi kr. 199,-
  • Fiskesuppe med brød kr. 160,-
  • Lasagne med brød og salat  kr. 160,-
I kafeen serverer vi også smørbrød, kaker, kaffi/ te og nokre kioskvarer.

Opningstid 6. november


Open kafe med middag og kaker Foredrag                                
kl. 13:00 - 17:00 kl. 15:00 - 16:00
Billettar 75 kr