lise_chapman_150_229Korleis pustar børstemarken og kven er den dyktigaste rørleggaren? Og korleis kan dei gi forskarane informasjon om forureining? I fjøra og på havbotnen kryr det av ørsmå skapningar med forbløffande eigenskapar. I søndagsforedraget ved Runde Miljøsenter 10. mars får du høyre om nokre av dei. Somme er råd å sjå med eigne auge under fjøreturen. Andre er så små at det først er i mikroskopet dei står fram i all si prakt. Og mange lever slik at dei er utilgjengelege for andre enn dykkarar og forskarar. Marinbiolog Annelise Chapman er begge delar, og i tillegg ekspert på algar og småkryp i fjøra og sjøen. I foredraget sitt komande søndag vil ho dele litt av kunnskapane sine med publikum og vise bilde av fascinerande skapningar frå ei verd dei færraste har sett eller veit noko om. Kva er til dømes eit poredyr? Finst det mange slags børstemarkar og kvifor er dei viktige? Korleis er algesamfunnet organisert og kven lever der? Av kva?

Fortel om forureining

Dei mange småkrypa på havbotnen og på tang og tare i fjøra er spennande å lære om i seg sjølv, men i tillegg er dei viktige informantar. Både algesamfunnet og botndyra gir mykje informasjon om kvaliteten på sjøvatnet dei lever i. Forskarane ved Runde Miljøsenter har i fleire år jobba med eit prosjekt som har fått namnet «Den grøne korridor». Det handlar om det tronge sjøområdet mellom Gurskøy og Hareidlandet, der det er lite utskifting av vatn, fleire innelukka basseng og stor byggeaktivitet på land. Området er sårbart for miljøforureiningar, både frå kloakkavløp, industri og landbruk. Med jamne mellomrom er det tatt prøver på faste stader i dette området for å følgje med på vasskvaliteten. Ei undersøking på oppdrag frå Herøy kommune er nettopp avslutta, der målet var å finne ut om, og eventuelt korleis, kommunalt avløpsvatn påverkar sjøvatnet i bestemte område. Annelise Chapman vil fortelje om resultatet og miljøtilstanden under havoverflata i «Den grøne korridor» og tilstøytande område i foredraget sitt.

Søndagsmiddag

Dei som tek turen til Runde Miljøsenter denne søndagen skal sleppe å gå svoltne. Kafeen er open frå klokka 11 med sal av søndagsmiddag, kaffi og kaker. Denne søndagen står mellom anna kveite på menyen. Utstillingane av Rundeskatten og sjøfuglar blir også opne, og filmen «Havets sølv» av Are Pilskog blir vist i auditoriet kvar heile time fram til foredraget startar kl. 16.