Den vesle, syllignande  tobisfisken som grev seg ned om natta, er ein viktig del av maten til andre fisk og fugl på kysten vår. Kan han ha noko med fuglebestanden på Runde å gjere? Og kva har denne silfisken hatt å seie for fiskerinæringa i regionen vår? Søndag 30. november vil Runde Miljøsenter sin eigen Roger Kvalsund gi oss svar på nokre av desse spørsmåla. Foredraget startar klokka 15.00. Kafeen og utstillingane er opne mellom 13.00 og 17.00. Billettsal i kafeen (kr. 65,-).  
Roger Kvalsund, marinbiolog ved Runde Miljøsenter

Roger Kvalsund, marinbiolog ved Runde Miljøsenter

 

Tobisen er ein rar fisk som lever på sandgrunn og grev seg ned om vinteren og om natta. Og det er viktig å ha kunnskap om fisken både for å sjå på kva rolle han spelar i økosystemet og i fiskerisamanheng. Runde Miljøsenter har starta eit arbeid med å nedteikne og systematisere kunnskapen om den lokale tobisen mellom anna for å sjå  korleis han blir føde for fugl og anna fisk. Difor er senteret  svært interessert i å kome i kontakt med personar som sit på kunnskap, erfaring eller meiningar om disse artane.

Roger Kvalsund  vil også fortelje historia om tobisfisket med lokale båtar. Det har vore  drive sesongfiske på tobis i Nordsjøen sidan 50-talet. Roger Kvalsund fortel om deltakarar, båtar og bruksmåtar i ulike  tidsperiodar og han håper at mange fiskarar vil vere med å dele kunnskap når tobisen vert sett fokus på neste søndag.
Marinbiolog Roger Kvalsund i felten

Marinbiolog Roger Kvalsund i felten