Runde i eit historisk tilbakeblikk med Marie Runde

Det er få stader som har ei meir spennande historie enn skattøya og fugleøya Runde. Det er dramatiske forlis og eit ver som var heilt avgjerande for om losane kunne dra ut eller ikkje for å berge folk og for å skaffe brød på bordet til familien. På Runde Miljøsenter komande søndag fortel Marie Runde den fantastiske historia om øya og krydrar med segn og munnlege overleveringar som forsterkar spenninga endå meir.
Marie Runde som sjølv er oppvaksen og bur på Runde, har dukka ned i Runde si historie frå 1700-talet og fram til i dag. Ho har leita fram hendingar som i stor grad har samanheng med plasseringa av Runde, veret og naturressursane som er der. Alt dette har også skapt eit folkeslag som er vane med å greie seg sjølve, er vane med å halde ut fysiske påkjenningar og kanskje også kjenne seg trua utanfrå.
I forteljinga si ser ho på samfunnsutviklinga før og etter Rundebrua kom, kva fyret har betydd og heilt fram til kva det har hatt å seie for øya at Runde Miljøsenter vart etablert der. Foredraget blir akkompagnert av vakre bilder frå Runde – frå gamle dagar og i dag. Meny: Seibiff med løk Brennsnut
Open kafe med middag og kaker Foredrag                                
kl. 13:00 - 17:00 kl. 15:00 - 16:00
Billettar 75 kr