Plast i havmiljøet
Kva typar plast ligg i sjøen, kva gjer dei med havmiljøet vårt? Plastøyer i havet, kva er det? Det finns tusenvis av tonn med plastavfall i sjøen og langs strendene våre. Det blir produsert ca. 315 millionar tonn plast i verda i 2015. Vi ser at langs strendene våre hopar det seg opp med avfall. Det blir årleg rydda opp tonnevis med plastavfall, men problemet er stadig aukande.

Ute på havet utgjer plastforsøpling eit problem for både fisk og fugl enten ved at plasten blir spist og set seg fast og blokkerer for fordøying og næringsinntak, eller at dyr og fuglar blir vikla inn i plast.

Dette er skremmande perspektiv som må handsamast med det største alvor. Innan 2050 vil havet ha meir plast enn fisk (i kg) viss vi fortsett å produsere like mykje plast som no. Er vi i ferd med å øydelegge det miljøet som skal produsere millionar av tonn med sunn mat til våre etterkomarar i tusenvis av år framover?

Inngangsbillett til foredraget kr 75,-

Velkomen til ein kunnskapsrik søndag på Runde Miljøsenter

Ope kafe 13 – 17 der dei serverar middag med dessert og kaffi.
Ope utstilling 13 – 17 om plastforsøpling i havet – gratis inngang