Forskning av fugletrekk: Frå metallring til gps og satelitt.

Komande søndag vil Runde Miljøsenter ha premiere på filmen om fugleentusiasten Kjell Mork Soot og arbeidet han gjer med mellom anna skjerpiplerker på Giske. Michael Hundeide har intervjua og laga ein film om arbeidet han gjer der ute, som er eit Ramsar-område.

Kjell Mork Soot er leiar for Sunnmøre Ringmerkingsgruppe. Han har ringmerkt over 200.000 fuglar, og har utanom fastlands-Noreg også vore med på ringmerkingsekspedisjonar på Svalbard, Bjørnøya, Sibir og Sør-Afrika. Ein av yndlingsartane hans er fossekallen, Noregs nasjonalfugl, som han har arbeidt mykje med.

 

Ny teknologi og metodar for å ringmerke og følgje fugl
Etter filmen vil Kjell Mork Soot mellom anna fortelje om nokre resultat, både norske og utanlandske, som har kome fram siste åra, ved hjelp av fargeringar, lysloggarar (geolocators) og satellitt.

– Ein kan av og til bli retteleg imponert og forundra over fugletrekket, seier Mork Soot.  Elles vil han ha med seg litt forskjellig utstyr for å vise kva som vert brukt under fangst og merking. Her kan nemnast fangstnett, ruser, klappfeller, ulike fargeringar og flagg, og sjølvsagt eit rikhaldig utval av forskjellige metallringar.

 

Ein tredje ringmerkingsstasjon på Runde?
Det er eit ynskje om å starte opp ein tredje ringmerkingsstasjon på Runde  om det går.   Sunnmøre Ringmerkingsgruppe driv to stasjonar frå før, på Giske (i Makkevika) og i Fræna (på Maletangen).  – Det burde vere naturleg at Runde og dermed Søre Sunnmøre  har ein slik stasjon  også, seier Kjell Mork Soot. Men det heile står og fell med om vi har / får mannskap nok. Vi vil der sjølvsagt starte i det små, og så vil ein byggje stasjonen ut etter kvart viss det er liv laga.

Senter for den eventuelt nye stasjonen vil i så fall vere på Runde Miljøsenter, der fangstutstyr, ringar mm kan lagrast. Men alt avheng av om det er nok interesserte som dukkar opp og som kan tenkje seg å utdanne seg til ringmerkarar, og som vil gjere ein innsats.

Sunnmøre Ringmerkingsgruppe har pr i dag ikkje nok folk til drive denne stasjonen i tillegg til dei to andre.

-Eg oppmodar alle, bode born og vaksne, som er interesserte i fugl om å kome, men også dei som er nysgjerrige på kva dette inneber og ynskjer kunnskap er hjerteleg velkomne, seier Mork Soot.

 

Film om Ramsar-området på Giske

Runde Miljøsenter formidlar historiene til Ramsar-områda rundt om i Møre og Romsdal.  Den nye filmen frå Giske vil vere eit element i sjølve utstillinga om Ramsar.

 


 

Foredraget startar kl 15:00 og inngangbilletten til foredrag og film er 75,-

Open kafé i tida 13:00 – 17:00, der du kan handle deg ein klassisk søndagsmiddag med dessert.

Utstilling om plast i havet har fri inngang.