Styrar havstraumane plasten til Sunnmøre?

Sunnmørsposten melder at forskarar har funne spesielt mykje plast i havet vest for Ålesund. Havet vest av Ålesund inneheld store mengder plast. Det meste av dette søppelet kan sporast tilbake til fiskeria og inkluderer også tapte fiskereiskap, ifylgje Havforskingsinstituttet.

Komande søndag vil dagleg leiar Nils-Roar Hareide og oseanograf Jenny Ullgren ved Runde Miljøsenter kombinere gamal forsking med ny forsking og sjå på om all denne søpla som kjem inn frå vest har samanheng med havstraumane.

Forskarane ved Havforskingsinstituttet antek at det finnast kring 200 kg søppel i snitt per kvadratkilometer i norske kystfarvatn. Nokon stadar kan mengda kome opp i nærare 10 tonn per kvadratkilometer. Havforskingsinstituttet peikar på kysten vest av Ålesund som særskilt negativt.

I ein artikkel om kyststraumen frå 1972 forklarte Sætre og Ljøen mellom anna at Møre er det området der det Atlantiske vatnet når Norskekysten fyrste gong.

Nils-Roar Hareide har over 20 års erfaring med spøkelsesgarn og vil fortelje litt om sine eigne erfaringar med oppreinsking av fiskereiskap frå havbotnen. Dei vil nytte kart for å peike litt på dei observasjonane som er gjort på kontinentalsokkelen, der mykje av søppelet ser ut til å samle seg opp i såkalla trau (marine dalar) mellom bankar og djuphavsravinar.

 

Foredraget startar kl 15:00 – inngang kr. 75,-

Open kafè med servering av middag, kaker og kaffi frå kl 13-17

Utstilling om plastforsøpling i havet – fri inngang.