Praktisk innføring i og foredrag om marine grunnkart med Roger Kvalsund og Nils Roar Hareide

Førstkomande søndag 25. september opnar Roger Kvalsund og Nils Roar Hareide haustens søndagsforedrag om marine grunnkart. I tillegg til foredrag inviterer Runde Miljøsenter til innføring i korleis ein kan bruke karta på internett og på navigasjonsystemet Olex.
- Høg oppløyselege marine grunnkart er framtidas verkty for kystsoneplanlegging. Slike kart vil vere grunnleggande for effektiv utnytting og vern av sjøområda våre og vil vere til stor nytte for offentlege etatar, forsking, nærings- og friluftsliv seier Hareide.
Marine grunnkart har vore eit samarbeidsprosjekt mellom dei fem kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven, Norges Geologiske Undersøkelser (NGU), Kartverket og Runde Miljøsenter. Prosjektet har gått etter planen og grunnkart og sedimentkart vart ferdigstilte frå NGU i juni 2016. Djupnekarta har ei oppløysing på 1x1 meter, noko som viser det undersjøiske landskapet i svært stor detalj. Søre Sunnmøre er eit av få områder i landet der Forsvaret har gitt løyve til å vise djupnekart med så høg oppløysing. NGU sine kart er no tilgjengelige på internett og kan lastast ned av både kommunar og privatpersonar. Søndag 25. september kan du få ei praktisk innføring i bruk av marine grunnkart og ei orientering om dette spanande samarbeidsprosjektet og de moglegheiter karta kan gi oss.

Program:

kl. 12:00 - 14:30 Korleis bruke dei marine grunnkarta – ein praktisk gjennomgang med Roger Kvalsund og Nils Roar Hareide
kl. 15:00 - 16:00 Foredrag: Kva moglegheiter kan marine grunnkart gi oss med Nils Roar Hareide

Opningstider


Open kafe med middag og kaker Foredrag                                
kl. 12:00 - 17:00 kl. 15:00 - 16:00
Billettar 75 kr