På søndag inviterer Runde Miljøsenter til foredrag om Makrellstørje. Nils-Roar Hareide vil fortelje om fisken og fiskeriet. Han vil vise film og bilete frå prøvefiske på 1990-talet utanfor Sunnmøre, og fortelje om biologien og levemåten til denne spesielle fisken. Fiskarar som dreiv dette fisket på 50- og 60-talet er inviterte, og vil bidra med historer frå den tid då dette eventyret gjekk føre seg langs kysten vår. Eit viktig spørsmål er om desse fiskane er på veg tilbake. Svaret får du kanskje på søndag på Runde Miljøsenter. Foredraget startar klokka 15.00. Kafeen og utstillingane er opne mellom 13.00 og 17.00. Billettsal i kafeen (kr. 65,-).
Makrellstørja kan bli opp til 500 kg og har ei toppfart på nærare 100 km/t. Foto: Arne Olav Gundersen.

Makrellstørja kan bli opp til 500 kg og har ei toppfart på nærare 100 km/t. Foto: Arne Olav Gundersen

  På 1950-tallet var størjefiske det store eventyret langs norskekysten, og fisket vert omtala som det mest spanande og risikofylte av fiskeria våre. Makrellstørje (bluefin tuna) vert  rekna som verdas raskaste fisk med ein toppfart på nærare 100 km/t. Opp gjennom historia har det vore perioder då norskekysten har blitt invadert av disse store muskelbuntane som kan oppnå ei vekt på inn til 500 kilo. Fisken vart fanga først med harpun, deretter med snurpenot og line, og var eit av våre viktigaste fiskeri på 1950-talet. Makrellstørje er ein  veldig god matfisk som er svært ettertrakta, særleg i den japanske marknaden der den blir brukt  til sushi og sashimi. Arten har stor økonomisk betydning i sine viktigaste    utbreiingsområde. Før vart det sagt at ei størje tilsvarte ein Toyota i pris, men no kan ei enkelt makrellstørje omsettast for fleire millionar kroner. Verdsrekorden i pris for størje vart sett i januar 2013 på Tsukiji fiskemarked i Tokyo der ein fisk vart omsett for 10 millionar norske kroner.  
Makrellstørje

MS Vestøy av Runde. Foto: Arne Olav Gundersen

 
Størjefiske på MS Vestøy av Runde midt på 50-talet. Foto: Arne Olav Gundersen

Størjefiske på MS Vestøy av Runde midt på 50-talet. Foto: Arne Olav Gundersen