Gjennom 10 år har fotografen og fuglekjennaren Roger Engvik filma og fotografert ørn til ein flott naturfilm. Fyrstkomande søndag er Engvik på Runde Miljøsenter for å vise og fortelje om filminga og om ørnene han har hatt nærkontakt med. Han vil også fortelje om opphaldet på Runde då han laga fugleboka frå øya. «Havørna – kystens majestet» er ein film som handlar om havørner som soknar til Breisundet og Storfjorden. Men der er også med scener og stillbilete av ørn i Herøy, fortel naturfotografen Roger Engvik. Filmen viser kor tilpassa havørna er eit liv langs kysten vår og korleis denne mektige fuglen taklar vêrtilhøva gjennom heile året. Men vi får også sjå kor viktig Borgundfjordfisket er for at ørna skal greie seg gjennom vinteren. Dei fleste «filmstjernene» er mellom dei 15-20 ørnepara som hekker i regionen rundt Ålesund, men det finst også streiffuglar som blir lokka hit av sildefisket og torskefisket. Det er mykje tolmod som ligg bak filmen som har tatt 10 år å lage. Det har vorte mange timar i kamuflasjetelt for å kome innpå ørna. Men dette har også resultert i flotte bilder og flotte scener. Filmen er ein del av Roger Engvik si permanente utstilling om havørn ved Atlanterhavsparken. Roger Engvik vil fortelje om dette når filmen blir vist på Runde søndag. Engvik har også laga ei flott fuglebok om fuglane på Runde, og han vil også fortelje om korleis det var å samle inn materiale i til boka « Fuglene vest ved havet – på Runde og langs kysten» . I tillegg til mykje venting, var der også store utfordringar å kome seg nær nok inn på fuglane i vanskeleg tilgjengeleg terreng for å få dei beste bilda. Vi trur det blir ein spennande dag på Runde miljøsenter denne søndag med film og foredrag som passar både for ung og gammal. Foredraget startar klokka 15.00, og kostar 75 kr. Kafeen er open og serverer middag frå klokka 13.00.