Roger Kvalsund

Roger Kvalsund

Dette med å skaffe seg etterkomarar er ikkje alltid så enkelt. Strategiane for å lukkast kan vere kompliserte både hos den eine og den andre. Korleis fisk gjer det blir det foredrag om ved Runde Miljøsenter komande søndag. Å føre slekta vidare er ei grunnleggande drivkraft hos alt levande. Men innsatsen som ligg bak varierer. Ein lang flørteperiode og fast partnar livet ut er beste løysinga for somme, medan andre satsar på å spreie genane sine til så mange som råd så ofte som råd. «Timing» er uansett eit nøkkelord: Alt må stemme for å få til ei vellukka forplantning.

Mange måtar

Korleis gjer fisk det? Dei som tek turen til Runde Miljøsenter søndag ettermiddag den 24. februar kan bu seg på å bli både overraska og imponert når marinbiolog Roger Kvalsund held foredrag om gyting. Ulike fiskeslag løyser oppgåva på ulike måtar: Nokre gyt ein gong i livet, andre ein gong i året, og somme fleire gonger i året. Somme satsar på enorme mengder avkom, andre på nokre få levande fødde ungar. Men før dei kjem så langt er det ein lang prosess med å beite seg opp og samle krefter. Avgjerande er det også å kome seg til gyteplassen til rett tid. Og så, når det skjer, må han og ho vere samstemte og gjere det dei skal i same stund! Kva skjer med fisken før og etter gyting? Korleis løyser dei ulike slaga den enormt energikrevjande oppgåva med å forplante seg? Korleis tilpassar dei seg miljøet for å sikre levedyktig avkom og korleis kommuniserer dei med kvarandre? Det er berre nokre av spørsmåla Kvalsund vil svare på når han fortel om gyteprosessane hos sild, kveite, torsk, steinbit og laks. Også det som skjer etter gytinga er spennande: Kva gjer dei vaksne då? Kven passar ungane sine, og korleis er sjansane til dei små i ei verd full av byttedyr og rovdyr?

Kveite på menyen

Fisk er tema også i kaféen ved Runde Miljøsenter denne søndagen. Mellom anna står kveite frå Grønland på menyen. Utstillingane av Rundeskatten og sjøfugl opnar kl. 11, filmen «Havets sølv» av Are Pilskog blir vist i auditoriet kvar heile time fram til foredraget startar kl. 16.