Søndagsforedrag på Runde Miljøsenter: Plast i torsk

Runde Miljøsenter har fokus på plastforureining som tema på søndagsforedrag. Komande søndag kjem endeleg David Pettersen Eidsvoll (NIVA) til Runde Miljøsenter og skal snakke om funn av plast i fisk.

«For første gong har forskarar funne plast i magen på norsk torsk. Heile 27 prosent av torsken i hamnebassenget i Bergen har slukt plast, viser ein fersk studie»

Torsk var i 2015 den viktigaste økonomiske fiskeart i Noreg, og spelar dessutan ein sentral rolle i økosystemet i Barentshavet og langs Norskekysten.

Ta deg ein tur og få med deg viktig kunnskap om plastforureining. Utstillinga om plastforsøpling er gratis og det vil som vanleg vere open kafé med sal av middag, dessert og kaffi.

Kafé og utstilling: 13:00 – 17:00

Foredraget startar kl 15:00