Arild Marøy HansenAkerendamfunnet. Undersjøiske undersøkelser. Søndag 16. november kjem Arild Marøy Hansen frå Sjøfartsmuseet Bergen til Runde Miljøsenter for å fortelle om Akerendam og andre spennande undersjøiske funn. Det vert to føredrag: * Kl. 15: Leia som historieforteljar * Kl. 16: Akerendam. Om Skipet, kompaniet og verksemda Pris for begge føredraga: kr 75 Utstilling og kafe er open frå kl. 13. Ikkje noko funn på kysten vår kan måle seg med funnet av Akerendam i 1972. Men etter det har det vore gjort ei rekkje funn og registreringar som gir oss kunnskap om kystlandskapet , bruken av leia og livet på og ved havet. Søndag fortel Arild Marøy Hansen frå Bergens Sjøfartsmuseum om både Akerendam og dei nye undersjøiske funna. Funnet av Akerendam sette fugleøya på Europakartet på ein ny måte i 1972. Og søndag får vi forteljinga om skipet og om det hollandske kompaniet som dreiv Akerendam. Utgangspunktet er Akerendam-utstillinga på Runde Miljøsenter. Mange europeiske land etablerte handelskompani på slutten av 1500-talet etter at sjøfararar hadde oppdaga Amerika og Asia. Nederland, Frankrike, Spania/Portugal og England starta handelsversemd som enda med koloniseringa på 1800-talet . Det er også gjort ei rekkje viktige funn i åra etter 1972 som fortel oss mykje om korleis folk levde langs kysten og korleis folk brukte leia og havet. Arild Marøy Hansen har grave ut kulturminner på sjøbotn i meir enn 25 år, og har skrive ei rekkje artiklar om marine kulturminner. 16. november vert det to søndagsforedrag med amanuensisen frå Bergens Sjøfartsmuseum ved Runde Miljøsenter, eitt kring Akerendam og eitt kring nyare funn.