Korleis offshore fartøya bidrar til å auke kunnskapen om djuphavet.

Biolog Claudia Erber frå Brasil arbeider ved Runde Miljøsenter der ho tek del i arbeidet med prosjektet Deep Sub Sea. Dette prosjektet blir gjennomført som samarbeid mellom Olympic shipping, Runde Miljøsenter, SINTEF og oljeselskapet Shell. I prosjektet er det samla inn film og bilder og havmiljødata frå arbeid på store havdjup med fjernstyrte undervassfarkostar (ROV). Claudia vil fortelje om sine erfaringar frå Ormen Lange feltet i Storegga og frå arbeidet med kvalobservering på seismikkfartøy i Brasil. Storegga er også eit viktig fiskerifelt og Nils-Roar Hareide vil fortelje om fiskeriressursar og fisket i Storegga. Prosjektet samla data både frå Ormen Lange-feltet i Storegga og frå djupt vatn utanfor Kanariøyane. Film og bilder frå dette arbeidet blir vist. Ormen lange ligg eit kost stykke ute i havet for Møre og Romsdal. Feltet ligg på 700 meters djup og temperturen i sjøen er minus 1 grad. Deep Sub Sea prosjektet skal vidareføras i samarbeid med partnerar i Brasil, Storbritannia og Norge. På søndag 16. oktober vil Claudia fortelje om prosjektet og om sitt tidlegare arbeid i Brasil.  

Opningstid 16. oktober


Open kafe med middag og kaker Foredrag                                
kl. 11:00 - 17:00 kl. 15:00 - 16:00
Billettar 75 kr