Plastboset vårt truar havet med Janne Bareksten

Er vi i ferd med å øydeleggje havet som skal produsere mat til menneske i framtida? Bitte små mikroplasbitar som blir skapt av plast vi hiv på sjøen, kan takast opp av plankton og dyr i havet. Avgir desse mikroplastbitane miljøgifter som truer både dyr og menneske?
Desse alvorlege spørsmåla blir tema på Runde Miljøsenter på søndag. Vårsesongen er nett starta opp ved senteret, og Janne Bareksten som har mastergrad i marin forsøpling kjem for å fortelje oss om store plastøyar i havet og korleis plasten kan kome inn i heile næringskjeda. Fugleforskarar som er knytt til Runde miljøsenter har lenge sett at plast frå fiskegarn og nøter er ein trussel for fuglane som hekker på Runde. Dei lagar reir av det og blir hengande fast og svelte i hæl. Fuglefjellet er farga av oransje og grøne fiskenøter. Men mikroplasten kan verte eit mykje større problem.
Det finns tusenvis av tonn med plastavfall i sjøen og langs strendene våre. Det blir produsert ca. 311 millioner tonn plast i verda in 2014. Amerikanske og australske forskarar har funne at ein stad mellom 4,8 og 12,7 millionar tonn av denne plasten endte opp i havet. I praksis er det slik at det er ingen som har oversikt over dette. Vi ser det sjølve langs strendene våre at det hopar seg opp med avfall. Det blir årleg rydda opp tonnevis med plastavfall, men problemet er stadig aukande. Ute på havet utgjer plastforureinga problem for både fisk og fugl enten ved at plasten blir spist og set seg fast og blokkerer for fordøying og næringsinntak, eller at dyr og fuglar blir vikla inn i plast. Mikroplast er bitar av plast mindre enn 5 mm. Desse bitane finns i til dømes kosmetikk og dei oppstår også ved at plast blir brote ned til mindre partiklar på grunn av sol lys eller slitasje frå sjø, vind og strand. Desse små partiklane finn ein trillionvis i alle verdshava. Mikroplast kan takast opp av dyreplankton og fisk. Japanske undersøkingar viser at dyreplanktonet i havet et store mengder plast i staden for naturleg mat. Spørsmålet mange no stiller seg er om kjemiske miljøgifter i desse små plastpartiklane blir tatt opp i næringskjeda og forplantar deg vidare oppover til fisk sjøpattedyr og menneske. Dette er skræmande perspektiv som må handsamast med det største alvor. Er vi i ferd med å øydelegge det miljøet som skal produsere millionvis av tonn med sunn mat til våre etterkomarar i tusenvis av år framover? Meny: Ovnsbakt torsk Marrokansk kyllinggryte
Open kafe med middag og kaker Foredrag                                
kl. 13:00 - 17:00 kl. 15:00 - 16:00
Billettar 75 kr