Rasa i Storfjorden under vasskorpa med Oddvar Longva

Oddvar Longva er seniorforskar ved Noregs geologiske undersøking (NGU) og tilsett der sidan 1981. Longva er utdanna kvartærgeolog frå Universitetet i Bergen og har også doktorgrad derfrå. Kvartærgeologar arbeider med den yngste delen av den geologiske historia og sedimenta og prosessane som har tilknyting til dei mange istidene/mellomistidene som vi har hatt dei siste ca. 3 millionar åra. Longva har arbeidd mest med kartlegging av sedimenta i fjordane og langs kysten dei siste 25 åra. I samband med Åknes-Tafjordprosjektet, som såg på skredfarlege fjell i Stranda og Nordal kommuner, kartla han spora etter dei mange fjellskreda som har gått ut i fjorden.
Vi kjenner Tafjordulukka i 1934 og Åknes skredet som er under utvikling i dag, men utanom desse ligg det over 100 større og mindre ras på botnen i fjordane innanfor Stordalen.
Det viser seg at dei største rasa skjedde under og like etter at fjorden blei isfri under siste istid, at det var få skred under den varmaste perioden i etteristida rundt 5000 år sidan og at det ser ut som det går fleire ras no opp mot vår tid. Det farlegaste med slike skred er flodbølgjene som blir danna når skredet går ut i fjorden, noko vi kjenner godt frå Tafjordulykka.
Dei mange skreda i fjorden fortel oss at slike flodbølgjer ikkje er uvanlege i fjordsystemet, men kunnskapen vi har om området og oppfølginga av dei mest rasfarlege fjellsidene gjer at vi får forvarsel om komande skred og kan gjere tiltak for å redusere skader på liv og eigedom.
Oddvar Longva vil fortelje om dette og meir generelt om fjordane i eit foredrag ved Runde Miljøsenter på søndag 10. april  
Open kafe med middag og kaker Foredrag                                
kl. 13:00 - 17:00 kl. 15:00 - 16:00
Billettar 75 kr