Open kafe på Morsdag
Vi vil feire mor og ha ope kafe med høve til å handle seg noko godt til kaffien, eller ein god middag med dessert. Turstiane på Runde er flotte og det er bert i terrenget. Dessutan har sunnmørsposten har meldt pent vêr i overskueleg framtid.

 

Utstilling om plast i havet
Utstillinga om plast i havet har fri inngang og vil vere opa i same tid som kafeen. Mykje ny kunst etter søppelkunstworkshop vi hadde på Runde førre søndag. Ta deg ein tur og gå igjennom utstillinga og ta rebusen etterpå – der du kan vinne ei barnebok om temaet forsøpling i havet.  Det er ei utstilling som er like mykje for borna som det er for dei vaksne. Utstillinga er taktil, det vil seie at du kan røre på dei elementa som er stilt ut.

 

Ikkje søndagsforedrag denne søndagen
Det vil ikkje vere søndagsforedrag denne søndagen, men vi vil informere om at neste søndag kjem David Eidsvoll  og skal ha foredrag om plast i torsk.  Temaet er fortsatt plast, og vil vere det fram til 12.mars. Vi vil då etter planen skifte tema og ha meir fokus på fugl og RAMSAR-området Runde.

 

 

Du er hjarteleg velkomen til ein flott oppleving på Runde Miljøsenter

 

Tid: Kl. 13-17
Stad: Runde Miljøsenter

 

Meny:

Husets fiskesuppe med focaccia.

Allergener: Laktose, Melk, gluten

 

Husets fiskekaker i brun saus og poteter.
Allergener: Gluten, Melk, laktose,fisk

 

Kjøttkaker i brun saus og poteter.

Allergener:Gluten, melk, laktose

 

Husets fiskeburger med coleslaw & søtpotetchips.

Allergener: Gluten, fisk, melk,laktose