Det er eit veltrimma Festivalkor som stiller til minikonsert på Runde Miljøsenter førstkomande søndag. Dei er klare til å dele med folket på Søre litt av repertoaret sitt til den store Veneciaturen dei legg ut på for å feire 10 års jubileet sitt. Og før og etter songen kan vi nyte heimelaga middag eller kaffi og kaker.

I Venezia skal dei også ta del i ein internasjonal korfestival for åttande gong. Ved slike satsinger utfordrar koret seg sjøl gong etter gong. Det har resultert i sølvplasseringar både i Barcelona og i Budapest tidlegare år. Koret har også sunge inn sin første cd.

På Runde får vi høyre litt av repertoaret dei har med seg når dei reiser. I notemappene har dei både nasjonale og lokale skattar. Men der finst også songar som dei hentar med seg heim frå utlandet.

Sunnmøre Festivalkor har songararar frå 10 kommunar på Sunnmøre. Og dirigent er Svein Eiksund.

På Runde Miljøsenter blir det som vanleg servert god heimelaga middag og kaffi og kaker enten før eller etter minikonserten.