Brita Blomquist har bodd på eit fyr og vore fyrvaktar på eit anna fyr. I tillegg har ho reist rundt i landet og besøkt svært mange av fyra langs kysten. Komande søndag kjem ho til Runde Miljøsenter og fortel om det ho sjølv har opplevd – og det andre har opplevd på fyra ho har besøkt.

Komande søndag kjem ho til Runde Miljøsenter og fortel om det ho sjølv har opplevd – og det andre har opplevd på fyra ho har besøkt. Det har vore mykje dramatikk og også spøkerier på dei norske fyra langs kysten vår. Brita Blomquist er ein meister i å fortelle. Og ho har samla på kunnskap og historier som ho delte med heile det norske folk då ho i år 2000 laga ein serie om desse kulturminna våre. Ho var redd for at fyra skulle forfalle. Difor sette ho seg føre å vise at det går an å bruke dei – også i moderne tid. Men ikkje berre som vegvisarar for sjøfarande, men til overnattingar og opplevingar. Vi har ikkje adel med slott rundt om i landet. Fyra er slotta våre som vi må ta vare på, seier Brita Blomquist.

Ho har budd på Hellevik fyr på Lepsøya, ho har vore fyrvaktar på Hattholmen fyr ved Mandal, og ho har møtt guvernanta på Den Røde Seiler i Trondheimsfjorden. Og ho har snakka med fyrvaktaren på Lindesnes fyr som er overtydd om at der er det eit gjenferd som kan høyrast.

Søndag tar den godeste Brita middagen ved Runde Miljøsenter etter at ho har fortalt om opplevingane sine. Og ho inviterer med på både forteljing, middag og kaffi.

Arrangementet startar klokka 15, billett kr 60.

Kaffi, kaker og god heimelaga middag: kl. 13 – 17