Lundefuglen har framleis problem med å få fram ungar, og Skarveura og lomviplassen er framleis tome. Men likevel ber årets teljing og granskingar bod om litt optimisme for fuglefjellet på Runde, seier ornitolog Alv Ottar Folkestad som har fylgt fuglefjellet gjennom fleire tiår. Førstkomande søndag blir han på Runde Miljøsenter for å rapportere frå årets sesong på fugleøya.

Runde Miljøsenter held fram med dei populære søndagsforedraga sine også denne hausten. Og førstkomande søndag er det fugleøya Runde som er i fokus med årets rapport om korleis det har gått med lundefuglen, skarven, krykkja, alkefuglane , lomvien og storjoen.

Etter fleire katastrofeår for Lundefuglen, er det ei lita lysning i år. 40-50 % av dei hekkande fuglane har fått fram ungar. Det er akkurat nok til å balansere for naturlege tap. Dermed kan det sjå ut som lundebestanden har sluppe særleg nedgang dette året. Vi ser også ei bittelita lysning for krykkja, seier Folkestad. Han kan melde om 6 ungar som har greidd å kome seg på vingane. Dette er gledeleg når vi veit at der ikkje har vore ungar på vingane på mange år. Men det er sjølsagt langt frå at det kan snakkast om at krykkjebestanden er på veg oppover. Det er krykkjene som har laga det meste av lyden i fuglefjellet, og dei som vitja fjellet for 20 år sidan og kjem tilbake no, melder om eit stille fjell. Krykkjebestanden har utvikla seg negativt i 40 år.

Skarveura er heilt tom, men det har auka med hekkande skarv på vestsida av øya der det er betre soltilhøve. Det kan sjå ut som dei treng ein plass i sola no for å kompensere for andre øydeleggjande faktorar, seier Folkestad som også har med seg meldingar om alka, lomvien og havsula når han kjem til Runde Miljøsenter på søndag.

Som sesongen tilseier blir det fårikål på middagsmenyen ved sida av kaffi og kaker på Runde Miljøsenter denne søndagen.

Foredraget startar klokka 15.00, og billett til foredraget kostar 65 kroner. Kafeen er open mellom 13.00 og 17.00.