Håbrann er ein hai som blir opp til 250 kg. Den var tidligare svært vanleg langs Norskekysten. På 50- og 60-talet vart det drive eit omfattande fiskeri etter denne haien. Mange båtar og mykje mannskap frå Sunnmøre var involvert i dette fisket som foregjekk langs Norskekysten, vest om Irland og utanfor Canada og Vest-Afrika. Bestanden av håbrann er no så liten at fisken er freda. Men det er teikn på at bestanden er på veg oppover igjen

Det er stor interesse for denne fisken både frå sportsfiskerar og forskerar.

Forskarane er på jakt etter å finne ut kor stor bestanden av denne arten var då den var på topp. Kvar den vart fiska, og i kor store mengder. For å finn ut dette må dei finne data frå den tida der var eit fiske på arten.

I fjor var tre Håbrannfiskerar samla på Runde Miljøsenter for å fortelje forskerar frå Norge og Frankrike om håbrannfisket som dei var med på for 50- 70 år sidan. Arne Sævik, Johannes Bakke og Ingolf Kvalsund stilte villig opp og auste av all sin kunnskap. I tillegg til muntlig informasjon kunne Bakke leite opp dagboka si der han har notert ned alle håbrannar og størjer han fiska mellom 1957 og 1972. Dette er unikt materiale som er svært verdfult for havforskerane og som må bevarast for ettertida.

Den 26. oktober vil Forskarane Gerard Biais og Nils-Roar Hareide fortelje om håbrann og håbrannfisket ved Runde Miljøsenter. Gerard vil vise kva han har fått som resultat frå arbeidet saman med skipperane frå Herøy.

Senteret vil svært gjerne invitere alle som har vore med på dette fisket og  elles andre som har interesse. Ta gjerne med bilder, dagbøker og det vil bli rikelig høve til å fortelje om eigne opplevingar frå dette fisket. Seminaret har som mål å orientere om håbrann, men enda meir ynskjer ein å få informasjon frå dei som var med på dette eventyret for ein mannsalder sidan. I tillegg til at det vil bli fagleg interessant, kjem det til å bli ein god del fantastiske og humoristiske historier frå den tid det var Klondike og Herøyfiskerane tente store pengar på håbrannfelta vest om Irland.

Open kafe frå kl. 13!