Brita Blomquist kjem til Runde Miljøsenter søndag 26. april for å dele reiseerfaringane sine med oss andre. Ho fyller 83 år i år, men har framleis 250 reisedøgn. Brita vil snakke om gleda ved å reise; forventningane og opplevingane. Men ho har også alltid med seg ein rikeleg porsjon respekt for det ho møter når ho er på reisene sine.    Brita Blomquist har vore på Runde Miljøsenter før og fortald, for full sal, om møta sine med fyra langs kysten. Denne gongen vil ho ta oss med litt lenger vekk , til strender og byar i meir framande farvatn. Brita arbeidde i 25 år for NRK , og då laga ho mellom anna den populære reiseserien «God tur» . Ho flytte til Ålesund i 1994, og det er her ifrå ho no som pensjonist, driv eige reiseselskap der ho tar folk med på ut på tur. Det er greitt å ha med nokon som har vore der før og som veit kva ein kan vente seg der ein kjem. Brita fortel levande om forventningar ved å reise, forventningar som slett ikkje alltid blir innfridd. Ho fortel om opplevingar ho sjøl har hatt, og ho snakkar om haldningar, nyfikne, språk og respekt. Brita er påpasseleg med at det er ho som er gjest og det er ho som må vise respekt for miljøet og til dei ho møter på sine veg. Vi trur vi kan love ei fargerik stund på Runde Miljøsenter. Og i kafeen blir det servert middag og kaffi.