Dei arkeologiske funna som er gjort i Herøy er prov på at folket her ute i øyane allereie i yngre steinalder hadde kontakt med dei baltiske landa. Komande søndag på Runde Miljøsenter fortel arkeolog Morten Ramstad om kva han og dei andre arkeologane har funne ved utgravingane dei siste åra. Det har vore mange utgravingar i Herøy siste åra, og mange gongar blir dei sett på som verk som både fordyrar og forseinkar utbyggingar. Men ved arbeidet som er gjort, har vi fått visst mykje om menneska som budde her for mange tusen år sidan. Arkeolog Morten Ramstad frå Universitetet i Bergen fortel om dei mange offerfunna som er gjort i myr- og våtmarksområde. Dei har grave fram reiskap og smykker i rav og flint. Desse finna gjer at vi kan vite at folka som budde her i området handla med folk frå Sør-Skandinavia og Baltikum. Funna fortel også om religiøse handlingar og kva folk trudde på og korleis dei levde. Foredraget tek til klokka 15.00. Kafeen og utstillingane er opne mellom 13 og 17.