I påska var det 250 born som laga leikebåtar ved Runde Miljøsenter. Båtane vart sett ut frå moloen på Runde og dei dreiv av gårde med vind og straum. Alle båtane var merka med eige nummer og telefon nummer og webadresse til Runde Miljøsenter. Til no er det gjenfunne 87 båtar. Desse er registrerte og posisjonane deira er lagde ut på internett. Søndag den 19. oktober er alle borna som har sett ut båtar få kome til Runde Miljøsenter og få sjå kvar båtane deira har blitt av. Dei skal også få lov å spikre nye båtar som skal setjast ut. Alle andre born er også velkomne til å ta del. Der er framleis ein del båtar som ikkje nokon har funne. Vi trur at der er kan finnast båtar i fjøra langs med kysten og særleg trur vi at der må vere ein del båtar på øyane i Giske og Haram Kommune. Dersom nokon finn båtar så gå inn på heimesida til Runde Miljøsenter og meld frå. Eller så kan de ta med båtane til Runde på søndag.