Det er tydelege endringar i sjøfuglbestandane våre.
Lundefuglen har landa i Rundefjellet, og det blir spennande å sjå korleis årets klekking blir. Mandag og tirsdag er mange av dei fremste fugleekspertane på plass i Herøy på eit storseminar om sjøfuglbestanden. Og søndag inviterer Runde Miljøsenter til opne foredrag om temaet med påfølgjande tur til Lundeura.

Runde Miljøsenter meiner det er viktig at folk som bur her engasjerer seg i kva som skjer med fuglebestandane på Runde og i sjøområda rundt. Dei inviterer difor til opne møte i samband med at mange av dei fremste sjøfuglekspertane er samla i Herøy 19., 20. og 21. april.

Det blir difor opne foredrag på Runde Miljøsenter søndag, og dei som vil kan vere med på tur til lundeura for både å sjå dei nykomne lundefuglane og få vite meir om levemåte og utvikling av bestanden både av lundefuglane og dei andre sjøfuglane som hekkar på Runde.

I mange år har lundefuglen hatt problem med å få fram ungar. I tillegg har vi sett at krykkja er nesten borte frå Runde. Fuglefjellet er mykje stillare enn det var for nokre år sidan. Det sydande levenet er nesten borte. Under fugleforedraga blir det også diskutert kvifor det er slik og korleis utviklinga vil bli framover.

Både foredraga og turen blir lagt opp slik at born som er interesserte i fuglar også vil ha utbytte av det.

Foredraga startar klokka 14.00. Guida tur til Lundeura klokka 17.00. Open kafe med middag og kaker 13.00-17.00.

Delta også gjerne på seminaret måndag og tysdag på Thon Hotell Fosnavåg: Nordatlantisk Sjøfuglseminar.