Forfattaren Trude Teige brukar oppvekstmiljøet sitt på Sunnmøre når ho skriv romanar og krimbøker. Førstkomande søndag kjem ho til Runde Miljøsenter for å fortelje om bakgrunnen for tema ho tek opp i bøkene sine. Trude Teige har hatt suksess som krimforfattar, og den siste boka hennar «Jenta som har sluttet å snakke» er hovudbok i Bokklubben Nye bøker. No reiser ho land og strand rundt i heile landet for å lansere boka. Temaet har ho henta ut frå eit miljø som ho sjølv opplevde på Sunnmøre, men som mange andre jenter i hennar samtid har opplevd mykje meir av. Ho tar eit oppgjer med predikantar og kristenleiarar som har misbrukt makt og tillit til å gjere overgrep mot kvinner. Ho fortel nært og personleg om eigne erfaringar, familiehistorier og korleis kontakt med enkeltmenneske har inspirert henne til å bli forfattar på heiltid. Trude Teige har lova å røpe litt om sitt neste store romanprosjektsignerer, og ho signerer også gjerne bøkene sine om du tar med eller kjøper denne søndagen. Foredraget med Teige er ein del av den foredragsserien som Runde Miljøsenter har kvar søndag i haust ut november. Der blir open kafé med servering av fårikål, kaffi og kaker 13.00 til 17.00. Foredraget startar klokka 15.00.