Kystlaget i Sykkylven vart kjendisar over natta etter TV-innslag der barske karar lærte å strikke sjøvottar. Frå før har dei lært det meste av det som har med båt, reiskap og kystkultur å gjere. Og alt gjer dei med litt innlagt humor. Komande søndag er dei gjestar ved Runde Miljøsenter…

«Spleiselaget» er eit kystlag frå Sykkylven som gjennom svært mange år har drive med ulike aktivitetar innan kystkultur; frå lapping av båt, segl og garn til torvstikking og fjordsildforsking. Dei har også gitt seg ut på fleire seilasar der det også har heldt på å gå gale med båt og mannskap. Siste prosjektet dei har hatt føre seg var å lære seg å strikke sjøvottar. Det måtte karane ha til sjøferdene sine, og sidan det er få som strikkar slikt no til dags, sette dei i gang sjølve med kyndig hjelp. Til kvar jul gir dei ut medlemsbladet «Syft og Skaut» som har så godt innhald at det har vorte reine samleobjekt også for folk utanom laget. Kvart år er det laga kunstnarleg forside til bladet med motiv frå ei av ferdene deira. I vedtektene for laget heiter det : «Me skal ha det kjekt», og det blir også mottoet når dei besøkjer Runde Miljøsenter komande søndag, 11. mai. Karane har også lovt å ta med ein eller fleire av dei heimesnikra songane sine, for å ha det kjekt.

Arrangementet startar klokka 15.

Kaffi, kaker og god heimelaga middag: kl. 13 – 17