Kor gamle er fiskane? Korleis pustar dei under vatn? Kva et dei? Har fiskane øyrer? Dette er spørsmål som vi kan finne ut av på Runde Miljøsenter komande søndag. Forskar Nils Roar Hareide inviterer born og foreldre til laboratoriet for å undersøkje fisk. Visste du at det går an å fastsette alderen på fisk ved å telje årringar på øyresteinane, om lag på same måten som ein gjer for å finne ut kor gamle tre er? Forskar ved Runde Miljøsenter, Nils Roar Hareide, vil ha med seg borna for å måle, vege og undersøkje daud fisk for å finne svar på mange av dei spørsmåla som born er flinke til å stille og som gjer dei til svært gode forskarar. Borna får også studere organa i fisken i mikroskop. Runde Miljøsenter ønskjer å både formidle kunnskap og skape interesse mellom borna til å lære meir om naturen og forske vidare på det dei ser rundt seg. Vi trur det skal bli lærerikt både for born og vaksne. Det er greitt å kome innom og vere med så lenge ein sjølv ønskjer. Det er lagt opp til at familiar kan kombinere laboratorietimen med besøk i utstillingane ved Runde Miljøsenter, tur til Rundefjellet og middag i kafeen med eigen barnemeny. Opne utstillingar og kafe kl. 13-17. Laboratoriet er ope 13-16.