Kvite dukar, stearinlys, sjømat og godt selskap: Torsdagskvelden 2. august var det på tide med eit pusterom for tilsette og ferievikarar ved Runde Miljøsenter. Sommarsesongen er ikkje over enno, men nokre av ferievikarane ved senteret er ferdige med sin tørn i denne omgangen. Både dei og dei fast tilsette har hatt ein hektisk sesong, med godt besøk på senteret. Stadig fleire kjem til Runde for å oppleve den fantastiske naturen, og svært mange har også besøkt utstillingane, kafeen, og overnatta ved Runde Miljøsenter. Denne første torsdagskvelden i august feira vi innsatsen, kvarandre og ein vellukka sesong så langt. I det fine veret vart det duka opp med sjømat på campingborda i hamna, før det heile vart avslutta med den fantastisk båtturen folk frå heile verda kjem for å oppleve: Til fuglefjellet og rundt Runde.