Onsdag var nokre av elevane ved Ulstein ungdomsskule på tur til Runde. To av lærarane, Jannike Dimmen Gjerde og Eva Torgersen, kan fortelje at skulen prøver å få til ein tur til Runde kvart år. - Ja, dette har vorte som ein tradisjon. Vi reiser helst utover i vårsemesteret for å sjå på lundefuglane, men i år var vêret såpass dårleg at vi valde å utsetje turen til hausten, fortel lærarane. Dette viste seg å vere ein god idé, og dei 107 elevane var svært heldig med vêret onsdag. Lundefuglane er nok reiste for sesongen, men det kan vere like interessant å studere den store havsulekolonien på nært hald. Før fjellturen hadde elevane eit stopp på Runde Miljøsenter. Dei starta med matpause i amfiet utandørs og vart deretter oppdelte i grupper. I tur og orden fekk elevane sjå Are Pilskog sin naturfilm "Havets sølv", dei fekk høyre om Rundeskatten og dei fekk lære meir om fuglane på Runde. Elevane var svært veloppdregne og lydhøyre, og omvisarane fekk fleire reflekterte og interessante spørsmål undervegs. Lærarane lét vel over opplegget og meinte Runde Miljøsenter hadde eit godt tilbod for skuleklassa. - Det er veldig greitt at det vert fokusert på eitt og eitt tema - fugl, fisk og skatt. Alt i alt var det svært godt organisert! Og så må vi skryte litt av denne filmen, han er verkeleg god, avsluttar Gjerde og Torgersen.