Det blir ei spennande familiepåske på Runde. Runde Miljøsenter arrangerer både jakt etter påskeegga på fuglefjellet og jakt etter skattar ved fyret.

Både egga og skattane er gøymde på Rundefjellet, men kart som kan gi familiane peikepinn om kvar dei skal finne påskeegg og skattar , kan hentast ved miljøsenteret.

Lundefuglen er på plass i fuglefjellet på Runde. Det same er den sjeldne påskefuglen. Og han har lagt egg på Rundefjellet, og desse egga er det lov å jakte på . Små og store kan leite etter egga til påskefuglen i området rundt fuglefjellet. Turen frå Goksøyra til fuglefjellet er ca. ½ time til 3 kvarter og passar fint for alle aldrar. Starten er litt bratt, men så blir det fint å gå over fjellet. Det er også glimrande å skjerpe interessa for dei fuglane ein vanlegvis finn på Runde med ein tur i fugleutstillinga ved Runde Miljøsenter før fjellturen.

Men Runde har også Akerendam-skatten med gull og sølvmyntar som vart henta opp frå dette hollandske handelskipet som havarerte rett utanfor Runde på 1700-talet. Og dermed er det duka også for skattejakt på Runde i påska. Det blir i fjellet ved Rundefyret som også er ein fin fjelltur, bittelitt lenger enn turen til fuglefjellet. Også her kan interessa for fjelltur og skattejakt bli skjerpa i utstillinga om Akerendam-skattet som er utstilt på Runde Miljøsenter.

Dei som ikkje har lyst på fjellet, kan snikre trebåtar som skal settast ut i samband med eit forskingsprosjekt som Runde Miljøsenter samarbeider med skipsverfta Vard om. Dei skal finne ut korleis havstraumane går langs lysten vår og vidare til Barentshavet. Båtane som blir sjøsett vil følgje straumane.

Familiane kan ete middag og overnatte på Runde Miljøsenter dersom dei vil, men aktivitetane er opne for alle.

I påska er Runde Miljøsenter ope kvar (helge)dag mellom 11 og 17. Middagsservering frå klokka 13.