Det blir ei spanande familiepåske på Runde. Runde Miljøsenter arrangerer både jakt etter påskeegga på fuglefjellet og jakt etter Rundeskatten Både egga og skattane er gøymde på ulike stader på Runde, på fjellet eller i låglandet. Kart som kan gi familiane peikepinn om kvar dei skal finne påskeegg og skattar , får dei ved Miljøsenteret. Palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag, påskeafta og 1. Påskedag Den sjeldne påskefuglen er på plass på Runde igjen. Og han har lagt egg på Rundefjellet, og desse egga er det lov å jakte på . Små og store kan leite etter egga til påskefuglen. Turen frå Goksøyra til fuglefjellet er ca. ½ time til 3 kvarter og passar fint for alle aldrar. Starten er litt bratt, men så blir det fint å gå over fjellet. Det er også glimrande å skjerpe interessa for dei fuglane ein vanlegvis finn på Runde ved ein tur i fugleutstillinga ved Runde Miljøsenter før fjellturen. Men Runde har også Akerendam-skatten med gull og sølvmyntar som vart henta opp frå dette hollandske handelskipet som havarerte rett utanfor Runde på 1700-talet. Og dermed er det duka også for skattejakt på Runde i påska. Også her kan interessa for tur og skattejakt bli skjerpa i utstillinga om Akerendam-skatten som er utstilt på Runde Miljøsenter. Dei som ikkje har lyst på fjellet, kan snikre trebåtar som skal settast ut 1.påskedag i samband med eit forskingsprosjekt som Runde Miljøsenter samarbeider med skipsverfta Vard om. Dei skal finne ut korleis havstraumane går langs lysten vår og vidare til Barentshavet. Båtane som blir sjøsett vil følgje straumane. Familiane kan ete middag og overnatte på ei av dei flotte familieleiligheitene på Runde miljøsenter viss dei vil, men aktivitetane er opne for alle. Open kafe 11-17, middag frå kl. 13.