Ekspertar og andre frå akademia og industri kom til Runde 5. og 6. desember for å delta i ein workshop om korleis vi kan overvake havet med den nye teknologien vi har tilgjengeleg. Jenny Ullgren og Claudia Erber frå RMS leia arrangementet desse dagane.
– Vi er veldig nøgde med vår workshop, fortel Ullgren og Erber.

AUV-ekspertise på plass
På talarlista var det folk frå Universitetet i Bergen, NTNU, Akvaplan-Niva, Forsvarets Forskingsinstitutt, Christian Michelsen Research, Maritime Robotics, og Kongsberg Maritime, som ville fortelje om arbeidet sitt med ubemanna undervass- og overflatefarkostar.
– I tillegg hadde vi nokre ”fjerntalarar” som gjennomførte korte foredrag via Skype frå Antarktis (!), Spania og Brasil, informerar Ullgren.

Det vart ein imponerande samling av ekspertise på fjernstyrte undervassfarkostar på Runde. Området kring Runde er interessant på grunn av den marine kartlegginga som allereie er gjennomført og som framleis skjer her – og ikkje minst fordi forsvaret har gitt løyve til å publisere høgoppløyslege kart frå dette området.

maritime-robotics

Bilete: Joel Pederick frå Maritime Robotics fortel om deira arbeid med «Unmanned Surface Vehicles»

Ein kort workshop-presentasjon finn du her: workshop-report-fjuf-2017