Sjøfuglseminar 2017

På vegne av NTNU, Rolls-Royce Marine og Runde Miljøsenter ynskjer vi deg velkommen til sjøfuglseminar og workshop på Runde Miljøsenter 28.2 – 1.3 2017! Vi oppmodar deg om å sette av tid til å ta del på dette arrangementet.

Vi skal sjå på samanhengen mellom mattilgangen i havet og den dramatiske nedgangen i sjøfuglbestandane på Runde.

Vi har invitert både havforskarar og fugleforskarar til å vere med å bidra med tverrfagleg kunnskap om dette viktige temaet. Vi har òg invitert NTNU og andre forskingsmiljø til å vere med på ein stor «forskingsdugnad» ved Runde.

Forskingsskipet ”FF Gunnerus” frå NTNU i Trondheim kjem til Runde i slutten av juni og skal kartlegge beiteområda for sil og andre artar som er viktige for
sjøfuglane. Seminaret vil fokusere på situasjonen i fuglefjellet på Runde: Kva er årsakene til den dramatiske nedgangen i fleire av sjøfuglbestandane og kva kan vi gjere for å følgje med på utviklinga, og korleis vi kan nytte oss av moderne teknologisk utstyr til å overvake sjøfuglane og mattilgangen i havet. Kva tiltak kan setjast i verk for å betre situasjonen?

Dag 1: Seminar
Foredragshaldarane vil få fram kva kunnskap ein har om fuglane og situasjonen for dei viktigaste fiskeartane som fuglane lever av. Eit viktig spørsmål er om
klimaendringar i havet er hovudårsak til den negative utviklinga for sjøfuglane i Nord-Atlanteren.

Dag 2: Workshop
Planlegging og prioritering av forskingsoppgåver og metodar. Forskarane frå NTNU vil bruke ei heil rekke fjernstyrte farkostar og avansert måle- og
kartleggingsutstyr styrt frå ”FF Gunnerus” som har fått installert ny teknologi for framdrift og posisjonering frå Rolls-Royce Marine. NTNU og Kongsberg Maritime bidrar med ei rekke fjernstyrte fartøy og dronar. Dette saman med dei høgoppløyselege sjøkarta ved Runde gir nye muligheiter for å observere og forstå sjøfuglane på ein heilt ny måte.

Ein av dei viktigaste fødeartane for sjøfuglane er sil (Ammodytes ssp.) og vi skal studere særleg denne arten heilt frå at den er nedgravd i sjøbotnen til den endar opp som mat for ungane til lundefuglen. Andre artar som sild og småsei skal òg studerast. Toktet skal på fleire ulike vis formidlast slik at skuleelevar og publikum kan følgje med.

Program: invitasjon-til-sjofuglseminar-2017

Påmelding finn du nederst.


Overnatting

Runde Miljøsenter har 8 moderne leilegheiter med nydeleg sjøutsikt.

Pris: 900 kr per pers. per natt for enkeltrom.

Ein bur i leilegheit med to soverom og vil kunne dele bad, kjøkken og stove med ein annan gjest.

For bestilling send ein e-post til booking@rundecentre.no

 

Frukostbuffé må bestillast ved overnatting. Pris: 125 kr per pers.

 

Andre overnattingsstadar i nærleiken:

Thon Hotel Fosnavåg, https://www.thonhotels.no/hoteller/norge/fosnavag/thon-hotel-fosnavag/

Nordic Choice Hotel Ulsteinvik, https://www.nordicchoicehotels.no/quality/quality-hotel-ulstein/

 

Seminarpakke 2 dagar

Pris: 1800 kr per pers.

Inkludert:

Varm lunsj med dessert begge dagar.

Enkel bevertning under seminaret.

Matpakke med mineralvatn.

Inngang seminar.

 

Seminarpakke  1 dag

Pris: 700 kr per pers.

Inkludert:

Varm lunsj med dessert.

Enkel bevertning under seminaret.

Inngang seminar.

 

Festmiddag

Pris: 500 kr per pers.

Ein tre rettars meny med mat inspirert frå havet.

 

Runde Miljøsenter har alle rettigheitar

 

Student? Ta kontakt med charlotte@rundecentre.no

————————————————————–

Meld deg på her

Fyll ut påmeldingsskjemaet og send inn informasjon snarast råd. Vi gleder oss til å sjå deg.

Treng du meir informasjon, ta kontakt med Charlotte Hauge på charlotte@rundecentre.no