Runde Miljøsenter har invitert havforskarar og fugleforskarar til å vere med å bidra med tverrfagleg kunnskap for å sjå på samanhengen mellom tilstanden i havet og den dramatiske nedgangen i sjøfuglbestanden på Runde.

Seminaret vil gå igjennom alle dei muligheitene AUV og fjernstyrte farkostar kan utføre der vi nyttar fuglefjellet som eit døme.

 På bilete: AUV (Autonome undervassfarkostar) er sjølvgåande undervassrobotar nytta til å gjennomføre forskjellege oppdrag under vatn.

 

Høgteknologisk fugleforsking
Frå NTNU kjem både Asgeir Sørensen, Martin Ludvigsen og Geir Johnsen som har stor kompetanse på å nytte desse farkostane.

– Dette blir eit godt høve til å kome i kontakt med Norges fremste forskingsmiljø innan dette feltet og eg vil tru dette vil vere stor interesse for næringslivet. Det vil både vere nært og nytting for dei inviterte å ta del og få innsikt i korleis desse fartøya vert brukt, fortel dagleg leiar ved Runde Miljøsenter, Nils-Roar Hareide.

 

artikkel

– På bilete frå venstre: Asgeir Sørensen , Geir Johnsen og Martin Ludvigsen 

 

Forskingsdugnad mellom NTNU, Rolls-Royce Marine og Runde Miljøsenter
Bakgrunnen for forskingsdugnaden er at forskingsskipet «FF Gunnerus» frå NTNU i Trondheim kjem til Runde i slutten av juni. Seminaret skal fokusere på situasjonen i fuglefjellet på Runde, slik ein kan ruste seg best mogleg før toktet i juni.

– Vi lurer på kva som er årsakene til den dramatiske nedgangen i fleire av sjøfuglbestandane, kva vi kan gjere for å følgje med på utviklinga og korleis vi kan nytte oss av moderne teknologisk utstyr til å overvake sjøfuglane og mattilgangen i havet, med eit særleg fokus på sil (tobis) og lundefugl, seier Hareide

Andre forskingsmiljø er også invitert til å delta på denne forskingsdugnaden.

 

Forstå fuglefjellet og fisken kring Runde betre
Workshopet på dag to vil ta føre seg kva tiltak som kan setjast i verk for å betre situasjonen. Det vil vere planlegging og prioritering av forskingsoppgåver og metodar.

– Forskarane frå NTNU vil bruke ei heil rekke fjernstyrte farkostar og avansert måle- og kartleggingsutstyr styrt frå ”FF Gunnerus” som har fått installert ny teknologi for framdrift og posisjonering frå Rolls-Royce Marine. NTNU og Kongsberg Maritime bidreg med ei rekke fjernstyrte fartøy og dronar. Dette saman med dei høgoppløyselege sjøkarta ved Runde gir nye muligheiter for å observere og forstå sjøfuglane og fisken på ein heilt ny måte, fortel han.

Foredragshaldarar frå heile Noreg vil delta på seminardagen. Eit viktig spørsmål er om klimaendringar i havet er hovudårsak til den negative utviklinga for sjøfuglane i Nord-Atlanteren.

 

Det er fortsatt nokre plassar att, sjå program og prisar her.