Tysdag og onsdag denne veka arrangerte Runde Miljøsenter både seminar og arbeidsmøte, der dei samla forskarar med fagfelt innan sjøfugl, fisk, havstraumar og teknologi. 34 personar deltok på seminaret, der forelesarar frå ulike forskingsinstitusjonar i Noreg presenterte resultat frå sine prosjekt.

Arrangementet skal vere med på å leggje fagleg grunnlag for eit 10 dagars tokt i området ved Runde. NTNU skal gjennomføre eit tokt med forskingskipet FF «Gunnerus». På toktet skal ein arbeide med botnkartlegging, plankton og fisk ved fuglefjellet og studere korleis sjøfuglane skaffar føde til ungane sine.

Forskarar og studentar frå NTNU, Norges Geologiske Undersøkelse (NGU), Norsk Institutt for naturforskning (NINA), Havforskningsinstituttet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø og Runde miljøsenter skal vere med på prosjektet.

 

Tokt og høgteknologi
På toktet skal ein ta i bruk svært avansert sub-sea teknologi; slik som ROV, og fleire typar fjernstyrte farkostar og dronar. Målet er å bidra med kunnskap om kvifor sjøfuglbestanden på Runde og resten av Nord-Atlanteren har blitt drastisk redusert dei siste åra.

 

Inviterer skular og publikum til å delta
NTNU ynskjer at flest mogleg kjem om bord i båten og får presentert teknologien.
– Vi er avhengig av at norsk ungdom er interessert og det er kunnskap som skal til for god forvaltning i framtida, seier Asgeir Sørensen, frå Amos-senteret ved NTNU Trondheim.

 

Foto: Julie Berge