- Eg er så glad og stolt! Dette viser at denne måten å tenkje på får gjennomslag på internasjonalt nivå, seier forskar Lise Chapman ved Runde Miljøsenter. I lag med samarbeidspartnarane frå landa rundt Nordsjøen er senteret nominert til Europakommisjonens høgthengande pris RegioStars 2013 for prosjektet Cradle to Cradle Islands (C2CI). 22 partnarar frå seks land i Nordsjøområdet er deltakarar i C2CI-prosjektet. Provinsen Fryslân i Nederland er initiativtakar og leiar, og Runde Miljøsenter har vore med heilt sidan søknadsprosessen starta i 2008. Målet for prosjektet har vore å skape innovasjonsmiljø med fokus på nyskapande og berekraftige løysingar for energi, vatn, råstoff og transport på deltakarøyane. Naturen sjølv er modell: Der finst ikkje søppel, berre ressursar som går inn i stadig nye kretsløp.

Frå vogge til vogge

Grunnleggjarane bak C2C, tyske Michael Braungart og amerikanske William McDonough, vil inspirere til ein ny måte å tenkje på. Dei meiner at alle produkt i framtida må lagast anten av biologiske og giftfrie materiale som kan gå tilbake til naturen utan å forureine, eller av tekniske materiale som kan brukast om att i det uendelege utan å tape kvaliteten. Dei meiner at problemet med søppel kan eliminerast fullstendig. Målet med C2CI-prosjektet er å vise veg for kva som er mogeleg å få til i framtida. Mange øyar i Tyskland, Nederland og Danmark har mykje til felles med Runde. Dei opplever fråflytting, nedgang i folketalet og dårleg infrastruktur i mesteparten av året. Men om sommaren har dei stor tilstrøyming av turistar. Det aukar behovet for energi og ferskvatn, og kan også bety store utfordringar for miljøet. C2CI-prosjektet er ikkje «science fiction». Ved Runde Miljøsenter er C2C-tankegangen omsett i praksis på kort tid, med bruk av miljøvennlege materiale, energi frå fornybare kjelder som sol og vatn, behovsstyrt ventilasjon, vassparing, planar om utvinning av biogass frå kloakken og mykje meir. For tida er senteret også vertskap for ei gjesteutstilling som viser ein stor variasjon av produkt og firma som er C2C-sertifiserte.

Lærerikt

- Dette har vore det mest inspirerande prosjektet eg har jobba med, seier Lise Chapman. - Eg har møtt så mange positive menneske og gode tankar – og vi har lært så mykje! EU løyvde 3,5 millionar euro til C2CI- prosjektet, som varte frå 2009 til sommaren 2012. Det er nettopp avslutta, men har fått sterke oppmodingar om å sende inn nye søknader om vidareføring. Også internt mellom deltakarane i prosjektet er det eit sterkt ønske om å gå vidare, gjerne med fokus på utvinning av fornybar energi, vassparing og gjenvinning av kloakk. Men først står det att å sjå om Cradle to Cradle Islands faktisk får den heideren og æra som følgjer med RegioStars 2013-prisen. Det blir først avgjort på nyåret, men for deltakarane er det ein siger i seg sjølv å vere nominert. Kontaktpersonar: Nils Roar Hareide, 412 91 107