Det Internasjonale rådet for havforsking (ICES) fekk observatørstatus i FN si Generalforsamling  no i november 2018. http://www.ices.dk/news-and-events/news-archive/news/Pages/ICES_becomes_UN_observer.aspx

Runde miljøsenter v/Lars Golmen har i over 10 år delteke i arbeidsgrupper under ICES, og vil vere med vidare under den nye FN-statusen.

For Runde Miljøsenter er det nyttig å vere med i slike internasjonale fora. Det bidreg til utvida nettverk og nye oppgåver, og koplar RMS tettare opp mot det som skjer internasjonalt på tema Hav, seier Golmen. Til dømes er RMS med  på å utarbeide FN sin neste havrapport, World ocean assessment, som kjem i 2020. Sjå meir her: http://www.worldoceanassessment.org/

Styrka internasjonalt arbeid er også ein del av Møre og Romsdal Fylke sin strategi, som kan bli enno viktigare i samband med regionreforma.

ICES har sidan 1902 gitt vitskaplege råd om forvaltning av levande marine ressursar og det marine miljøet i det nordaustlige Atlanterhavet. Fiskerinæringa har god kjennskap til ICES ved at organisasjonen gjev tilrådingar om internasjonale kvotar og avgrensingar på fangst av viktige fiskeslag. Med sine 20 medlemsland, og sitt internasjonale nettverk med meir enn 5000 vitskapsfolk, har ICES tilgang til eit breitt spekter av vitskapleg forsking og analyse. Denne erfaringa og kompetansen er ICES nå klar til å stille til rådvelde for FNs viktige havarbeid, inkludert arbeidet med berekraftsmåla og arbeidet for å utvikle ein ny avtale om biodiversitet utanfor nasjonal jurisdiksjon.

For meir informasjon om ICES sjå www.ices.dk.

ICES var på Runde i april, les meir her: http://rundecentre.no/internasjonal-arbeidsgruppe-fra-ices-besoker-runde/

www.regjeringa.no ved statsministeren sitt kontor informerte om dette i førre veke (04.11.18) https://www.regjeringen.no/no/tema/utenrikssaker/fn/ices_status/id2617909/