Rett over påske inviterte Fiskeridirektoratet til møte om tarehausting på Runde Miljøsenter. Ulike forskingsmiljø, forvaltningsorgan og representantar frå næringa presenterte eit breitt tverrsnitt av relevant forsking og aktuelle problemstillingar, akkompagnert med innspel frå salen. På Fiskeridirektoratet sine heimesider kan ein no finne referat frå møtet, samt pdf-versjonar av alle presentasjonane.