Karta vart presenterte på Hareid Rådhus den 11. februar kl 1230. Sigrid Elvenes og Oddvar Longva frå NGU saman med representantar frå Runde Miljøsenter og kommunane tok del.

Norges geologiske undersøkelse (NGU) er i gang med å utarbeide nye kart over sjøområda på Søre Sunnmøre. Karta har svært høg oppløysing og viser detaljar på sjøbotnen som ingen har sett før.

På eksempelet under er det laga skuggerelieffkart over Åramsundet, der to tyske vrak no er komne til syne på botnen. Her går skipsleia gjennom trange kløfter, og den kraftige straumen lager bølgemønster i sanden på havbotnen.

Karta er baserte på djupnedata frå Kartverket, og blir grunnlaget for ei rekke andre kart som NGU lager i samarbeid med kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven. Karta dekker mesteparten av sjøområda i kommunane, og Runde Miljøsenter har ansvar for koordinering av prosjektet. NGU finansierer 50% av kostnadene, medan kommunane og Fylkesmannen i Møre og Romsdal betaler resten. Prosjektet starta med at Møre og Romsdal Fylkeskommune finansierte eit forprosjekt der Høgskolen i Ålesund, Møreforsking, Bioforsk Tingvoll og Runde Miljøsenter var med.

Søre Sunnmøre er det første området i landet som får tilgang til kart over sjøbotnen med 1*1 meters oppløysing.

 

Les meir om prosjektet på våre nettsider og på NGU sine sider.

 

I media:

NRK (inkludert video)

Sunnmøresposten

Vikebladet Vestposten

 

Kommentar til mediedekkinga.