30 nye frivillege har fått kursbevis og er klare til innsats når ei ny katastrofe skjer. Andre helga i august arrangerte World Wide Fund for Nature (WWF) og NorLense oljevernkurs for frivillege ved Runde Miljøsenter. 30 til står på venteliste for å få vere med på det neste. - Vi vil gjerne halde kurs på Runde igjen, seier Ida Ulseth, prosjektleiar for «Ren kyst!» i WWF. Ho syns det er gledeleg at interessa for å få vere med er så stor. Ikkje minst sidan Runde og havområda utanfor er mellom dei mest sårbare og dei mest utsette langs kysten vår. Ho er ikkje i tvil om at det vil bli bruk for kompetansen til dei nye frivillege: - Det Norske Veritas spår at veksten i skipstrafikken vil auke med 16 prosent årleg fram mot 2025. Det er ikkje eit spørsmål om det vil skje fleire ulykker, men om når, seier ho.

Heile landet

Deltakarar frå heile landet var med på dette kurset, der dei i tillegg til teori også fekk prøve i praksis å rydde opp oljesøl i strandsona. Også øving med oljelenser var ein del av kurset, som var gratis for deltakarane. Når neste kurs på Runde blir arrangert er ikkje avgjort enno, først blir det kurs i Kirkenes..