– Kva blir følgjene for miljøet? Det er spørsmålet forskarar frå Taiwan, Tyskland, Spania og Noreg diskuterer ved Runde Miljøsenter nokre dagar midt i august. Dei er engasjerte i EU-forskingsprosjektet Tropos, som skal utvikle miljøvennlege, kunstige øyar.

Langt frå alle land har like god plass som det vi er bortskjemde med i Noreg. Særleg mange land rundt Middelhavet og i Asia har tett befolka og hardt pressa kystsoner. Målet med forskingsprosjektet Tropos er å utvikle digre flytande plattformer, opptil ein kilometer i diameter, som skal fungere som kunstige øyar. Dei skal vere miljøvennlege og sjølvforsynte med energi og vatn frå havet, og folk skal både kunne bu og arbeide der. Øyane skal kunne fungere som hamner, og der skal vere plass til industriaktivitet. Tanken er at desse kunstige øyane skal avlaste pressa kystområde og løyse forureiningsproblem på land, særleg i tropiske og subtropiske farvatn.

Kanariøyane

I første omgang skal forskargruppa med 17 partnarar frå 9 land designe ein prototype som skal plasserast i havet utanfor Kanariøyane. Lars G. Golmen, oseanograf ved Norsk Institutt for Vannforsking (NIVA), koordinerer det norske bidraget. Han er vert for arbeidsmøtet ved Runde Miljøsenter.
EU har løyvd 6 millionar euro til Tropos-prosjektet. I løpet av tre år skal forskarane jobbe fram løysingane for den første øya. Golmen tippar at den vil vere fysisk på plass og i funksjon i løpet av 10-15 år. Og så er det berre fantasien som set grenser for kva slike øyar kan brukast til og kvar dei kan plasserast i framtida. Kanariøyane vart vald til den første, fordi øygruppa er gunstig både geografisk og topografisk. I tillegg er der mangel på ressursar som den kunstige øya skal produsere, som ferskvatn og energi. Kanariøyane har i tillegg trangt om kaiplassar, og må importere ein stor del av maten til befolkninga. Dei er alt i gang med bygging av ei lita plattform der.

Allsidige bruksområde

Kunstige øyar kan i framtida bli brukt til sørvishamner for både skipsfart og fiskeri, til fisk-, alge- og skaldyroppdrett, turisme og mykje meir. Dei skal vere sjølvforsynte med energi ved å utnytte bølgjeenergi og termisk energi (skilnaden i temperatur mellom overflatevatn og djupt vatn.) Ferskvatn skal utvinnast frå sjøvatn.

-Dette er ikkje science fiction, men ein heilt ny måte å tenkje på. Kunstige, modulbaserte øyar kan løyse forureinings- og plassproblem i mange land, seier Golmen. Forskargruppa han er med i skal nettopp arbeide med følgjene slike øyar får for miljøet, og finne løysingar for utvinning av energi. Runde Miljøsenter er invitert med i samarbeidet, og etter kvart trur han også det kan bli aktuelt å involvere den maritime industrien i området.

– Det manglar ikkje på kystområde under press på jordkloden, dette kan bli ein enorm ny marknad for den maritime industrien og andre, seier han.